English
Norsk

Kaffistova_kakedisk

Kaffistova – sentral restaurant Oslo

På Kaffistova i Oslo står norsk mat i fokus! Vi ligg midt i Oslo sentrum og her serverer vi vellaga, og sjølvsagt heimelaga, mat. Maten er laga av glade kokkar - og basert på gode, norske mattradisjonar. Norske spesialitetar, som til dømes raspeball, boknafisk og rømmegraut vert servert i rause porsjonar til ein hyggeleg pris. Og vi kan vel seie at våre kjøttkaker er dei mest populære i landet? Vi sel i alle fall over fire tonn kjøttkaker i året.

Kaffistova er også den ideelle lunsj-staden; du får rask og effektiv servering av både varm og kald mat, og vi har ei sentral plassering i Oslo sentrum, berre eit kvartal frå Karl Johans gate. Våre gjester er turistar frå både innland og utland, forretningsfolk som er på møter i nærleiken eller på veg heim frå jobb, og ikkje for å gløyme stamgjestane våre. Du vil alltid møte ei varm og trivelig stemning i Kaffistova, for her er det alltid gjestar.

Alle våre kaker bakar vi sjølve, og vår dyktige konditor lagar også heile kaker som du kan kjøpe til fredagskaffien, eller til ei anna anledning. Ta kontakt for eit godt tilbod!

I Kaffistova serverer vi tradisjonell, norsk frukost til hotellgjestane våre kvar morgon! Eit godt utval av brød og pålegg er basisen for ein norsk frukost, i tillegg til varmretter som egg og bacon.

Kaffistova har og ei butikkavdeling kor vi sel norske delikatesse-produkt frå ulike norske leverandørar. Vi sel blant anna saft og juice frå Urnes gard, marmeladar frå Den Glade Ku og Vossakorv og pinnekjøtt frå Evanger på Vestlandet.

Kom innom Kaffistova når du besøker Oslo og har lyst på heimelaga, norsk mat. Vi er ein koselig kafé og restaurant som ligg midt i Oslo sentrum. Velkommen!

 

<img style="float: left;" alt="Betingelser" src="/images/stories/moduler/Betingelser.jpg" height="151" width="234" />

Kaffistova
Rosenkrantz' gate 8
0159 Oslo

Telefon: 23 21 42 10
E-post: leiarkaffistova(a)bondeheimen.com